Då eg starta med digitalisering i skulen, trudde eg at matematikken ville bli det vanskelegaste faget å kome vekk frå boka i. No er dette det siste faget eg vil bruke bok i. Digitalisering betyr auka variasjon i sjølv den “kjedeligaste” delen av undervisninga, noko som fører til djupare forståing og meir meistring.
For fleire år sidan skulle eg starte ein pilot med digitalisering på skulen min. Eg var skeptisk frå start av, då eg ikkje hadde trua på at å putte boka inn i skjermen skulle gi betre læring. Likevel gjekk eg frivillig inn i det. Beskjeden frå rektor var i tillegg at vi ikkje fekk lov til å kopiere. I forkant av dette skuleåret hadde vi også eit samarbeid med ungdomsskulane. I ein slik setting spurte eg ein mattelærar på ungdomsskulen om det var noko dei skulle ønske vi lærte dei. Svaret kom ganske kontant: «Kvifor lærer de ikkje elevane minus med låning?». Sidan eg nettopp hadde levert frå meg ei 7. klasse visste eg, at det har vi jo lært dei. Men dette spørsmålet, kombinert med digitaliseringsprosessen har gjort at eg har lagt heilt om på matematikkundervisninga mi.
Før eg starta mitt første «digitale» skuleår trudde eg at matematikk var det faget det var vanskelegast å ikkje bruke bok i. No er matematikk det faget eg absolutt ikkje vil ha bok! Utan bok er det eg som styrer kva som skjer i mitt klasserom og kan tilpasse den faglege progresjonen. I løpet av dei siste åra har eg utvikla nokre prinsipp for matteundervisninga mi.
Fram til jul er fokuset alltid grunnleggande rekning
Eg brukar å seie at eg er verdas kjedelegaste lærar fram til jul. Då er fokuset på grunnleggande rekning og elevane lærer seg det som er aldersadekvat. Vi lar det ta den tida det tar, og går vidare når vi er klare for det. Vi har også eit fokus på problemløysing, der vi øver mykje på å bryte ned problem i løysbare element og vi øver på å stå i problem til eit problem faktisk er løyst.
I timane brukar vi blant anna element frå omvendt undervisning og læreverk som har ulike former for dette, slik at elevane kan få rekne i sitt tempo og på sitt nivå. Ein elev som raskt forstår, vil då jobbe med vanskelegare oppgåver heller enn å få fleire oppgåver av same type. Vi brukar også digitale spel. Ved å bruke spelelement i mengdetreninga kan sjølv den kjedelegaste terpinga kjennast motiverande og gi meistring. Eg meiner ikkje at alt skal vere gøy, elevane må både øve seg på å halde ut og i at ting kan vere kjedeleg. Men å balansere mengdetrening med ting vi veit verkar frå andre samanhengar, tenker eg er positivt.
Mange trur at når ein jobbar digitalt berre skal jobbe på ei maskin. Dette er ei misoppfatning. Elevane treng både kladdebok og fysiske konkretar i tillegg til maskina. Eg meiner også at elevane framleis bør pugge gongetabellen. Men elevane er ulike, og treng ulike innfallsvinklar for denne innøvinga.
Vi legg aldri frå oss det vi lærer
For å vise til setninga i overskrifta, så kan vel ein kvar lærar seie at elevane kunne dette då vi jobba med det. Utfordringa med spiralprinsippet i matematikkundervisninga er at ein jobbar fokusert med eit emne ein kort periode, for så å gå vidare. Sett på spissen kan då elevane tiarovergangar i t.d. subtraksjon ein gong i året og dei kan klokka ein gong i året. Perioden vi jobbar med temaet er oftast så kort at elevane rekk å lære temaet overflatisk, men kanskje utan grunnleggande forståing.
For å unngå dette har eg innført innføringslekse for elevane mine. I innføringa møter dei for det første matematiske omgrep, og ikkje oppstilte reknestykke. Mengdetrening gjer vi digitalt, så i innføringa har vi berre ei oppgåve av kvar type. No har eg 5.trinn, og på innføringa no har vi fem oppgåver. Ein med tiarovergang addisjon, ein tiarovergang subtraksjon, ein multiplikasjon med fleirsifra og ein divisjon med fleirsifra, i tillegg til ei oppgåve med x. Når vi etter jul ein gong skal starte på brøk og brøkrekning, vil det også kome oppgåver med dette. På den måten legg vi aldri frå oss det vi har lært, men vi tar det med oss vidare, med stigande progresjon.
Lekser er alltid i grunnleggande rekning
Innføringa er hovudleksa i veka. I tillegg har eg tidsstyrt lekse i matematikk- der elevane får tildelt oppgåver i dei fire rekneartane som dei skal jobbe med. I matematikk veit vi at mange føresette har vanskar med å hjelpe til med leksene.
Vi køyrer difor grunnleggande mengdetrening heime. For mange foreldre er det også ekstra vanskeleg at vi fokuserer på forståing før algoritmar. Dei har sjølv berre lært algoritmane når dei gjekk på skulen. Mange har også gløymt desse, fordi det berre har vore ei oppskrift dei har pugga. Eg lagar difor filmar til føresette der eg forklarer korleis vi går gjennom oppgåvene på skulen.
Vi snakkar matematikk i alle timar
Før var matematikkundervisninga mi ofte slik at vi byrja ein time eller eit tema med at eg gjekk gjennom noko på tavla, så jobba elevane med temaet etterpå. Eg brukte då denne tida på å «springe» rundt i klasserommet for å oppklara misoppfatningar eller forklare ting på nytt. No brukar vi mykje omvendt undervisning til første input, og klasseromssamtalen vidare. Dei digitale verktøya vi brukar har diskusjonsoppgåver. Då svarer elevane først digitalt, før vi samtalar om det i klasserommet. På den måten får elevane forklare for kvarandre korleis dei har tenkt og korleis dei har gjort det.
Vi fokuserer mykje på matematiske omgrep i samtale og at det er tankeprosessen som er viktigast, ikkje nødvendigvis svaret. Innføringa vi har går vi gjennom både i starten av veka, og i slutten – der vi snakkar matematikk. Om vi ikkje har moglegheit til å gå gjennom innføring ei veke, har vi heller ikkje innføringslekse.
Elevane får også lov å samarbeide i timane. Ved å forklare til andre, lærer ein på ein annan måte.
Utforsking og bruk
Før var eg veldig styrt av læreboka og at det var den som sette både agenda og standard for kva som skulle skje i klasserommet. Opplevinga mi vart ofte då at vi måtte skunde oss gjennom kapitla for å kome i mål til fastsett tid. Lærarrettleiinga hadde mange kjekke oppgåver, men desse hadde vi aldri tid til å gjennomføre om vi skulle bli ferdige. I slutten av kvart kapittel hadde vi ei kapittelprøve. Når denne var retta og eg såg kva vi burde ha jobba meir med, var vi allereie godt i gang med neste kapittel.
Digitaliseringa gav meg gode verktøy i matematikk. Det eine er at mengdetrening digitalt har gjort mengdetrening mykje meir effektivt, samt at eg som lærar har mykje større kontroll på kva nivå elevane er på til ei kvar tid. Det andre at lærebokfrigjeringa har gjort at det er kompetansemåla som styrer kva vi gjer i klasserommet, ikkje eit forlag.
I ny læreplan er utforsking ein stor del av matematikkfaget. I det nye kompetanseomgrepet er bruk (anvendelse) ein stor del. Fokuset vårt har difor vore på å bruke og forske på matematikk. Vi har matematikk som ein naturleg del av alle tverrfaglege prosjekt. I tillegg har vi meir opne oppgåver i matematikktimar, som å planlegge bursdagsfestar, bygge ulike byggverk i Minecraft, programmere, leike, bake, spele både analoge og digitale spel.
Det er viktig å rigge settingar der elevane brukar matematikk og matematisk språk naturleg. Det er ingenting som er så gøy som å lytte til elevar som entusiastisk diskuterer fag og som brukar fagspesifikke omgrep og språk.
Balanse
Balanse er viktig! Balanse mellom stillesitting og fysisk aktivitet, mellom digitalt og analogt, mellom utforsking og pugging, mellom leik og alvor. Elevane treng å forstå grunnprinsippa i matematikken, dei treng forståing for matematiske omgrep slik at dei kan ha ein matematisk samtale og slik at dei kan ta eit problem og dele det opp i løysbare element. Dei treng ein matematisk grunnmur som gjer at dei lettare kan hente fram ting dei har lært før, for å bruke det på nytt- gjerne på ein ny måte, i nye situasjonar.
Spørsmålet/anklagen eg fekk det året har flytta fokuset i matematikkundervisninga mi vekk frå boka og over til kva elevane faktisk lærer. Til beste for både elevane og meg! No er det i tillegg eg som kjenner på behovet for variert matematikkundervisning, og ikkje elevane.